Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Viktig informasjon til alle trimmarar!

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 17. juli 2022

I ein e-post frå Todalen Idrettslag, kjem dei med ei klar oppfordring vedrørande parkering og ferdsel i samband med alle trimpostane idrettslaget har i den digitale turregistreringa. Tur-appen er utruleg populær, og har noko over 10 000 registreringer per i dag. men idrettslaget ser i nokre høve at poeng kan vere viktigare enn trim, noko som gjer at dei no har gjort nokre tiltak. 

Det er no oppsett sperring opp til gapahuken på Tjønnmyra, da det er ganske tydeleg at det er biltrafikk heilt fram til innsjekkinga ved enden av grusvegen. Dette er opprinneleg ein skitrasé, ikkje bilveg, sjølv om standard er god.

Sperring. Foto: TIL.

Todalen Idrettslag oppfordrar difor alle til å vere bevisst kor ein parkerer når ein både sankar poeng og trimmar. Idrettslaget er avhengig av velvillige grunneigarar når dei set opp ulike trimmål, så da må alle vise hensyn og parkere på tilviste plassar, eller ta sykkelen fatt slik at idrettslaget slepp å ta bort nokre av postane, om det blir ei vidareføring til neste sesong.

Skitrase og trimveg. Foto: TIL.

 

Publisert: 17. juli 2022, 16:03