Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«K-an spilte – Todalen vant»

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 2. juli 2022

Dette var overskrifta i avisa Tidens Krav ein gong på 60-talet, etter at Todalen sitt herrelag i fotball vann 8-1 over KFK. Og kanskje kunne ein ha bruka same overskrifta i dag også? Men resultatmessig vart det i alle fall jamnare i dag enn den gongen, og i dag er KFK ein del av KBK (Kristiansund Ballklubb). I dag var det KBK sitt gatelag, som hadde teke turen til Todalen for å spele kamp mot eit Todalslag, samansett for anledninga. 

Full innsats. Foto: Elinor Bolme

KBK sitt gatelag er eit «lågterskel» fotballtilbod til personar som slit litt i kvardagen, men som finn glede og inspirasjon i kvardagen gjennom det å få spele fotball saman med andre. KBK sitt gatelag har eksistert i 2-3 år. 

Keeperen må i aksjon. Foto: Elinor Bolme

Bakgrunnen for at dei tok turen til Todalen i dag, var at inntekta frå årets utgåve av «Ræta opp» gjekk til nettopp KBK sitt gatelag, som er eit viktig tilbod for dei som er med på og rundt laget. 

Det vart ein underhaldande kamp med mange mål. Foto: Elinor Bolme

Sjølve kampen vart spela over 2 x 20 minutt, og dagens dommar Ola Magne Nordvik styrte det heile på ein framifrå måte, og han trong ikkje hjelp frå VAR!

Ingvild Kårvatn med signert ball frå KBK sitt Eliteserielag, som bylaget hadde med seg som takk for gåva frå «Ræta opp». Foto: B G Ansnes

KBK hadde lange føringa i kampen, men ein sluttspurt frå heimelaget gjorde at kampen enda med heimesiger 8 – 7. 

Først publisert: 2. juli 2022, 18:00 - Sist oppdatert: 3. juli 2022, 12:44