Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TodalsCupen 2022 regna bort

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 2. juli 2022

I dag var dagen da den 30. TodalsCupen skulle arrangerast, men vêrgudane var ikkje på lag med Todalen Idrettslag, så cupen vart stoppa etter 2-3 kampar på grunn av mykje regn. Dette er første gongen at arrangøren måtte gi tapt for vêret i løpet av alle desse åra. 

Klare til kamp. Foto: Jon Olav Ørsal

34 lag hadde meldt seg på årets utgåve av Todalscupen, og såg fram til å så måle krefter mot andre lag, men slik gjekk det altså ikkje. 

Innsatsen var det ikkje noko å seie på. Foto: Jon Olav Ørsal

Yr.no hadde lenge meldt dårleg vêr akkurat i dag, men arrangøren håpa i det lengste at Yr.no skulle ta feil, men den gong ei. 

Vått for både spelarar og publikum. Foto: Jon Olav Ørsal

Kampane kom i gang etter plana, men både spelarar og publikum vart tidleg både våte og kalde, så rundt ein time ut i cupen, vart det bestemt at årets TodalsCup vart stoppa og resten av kampane avlyste. Alle laga fekk i alle fall minst ein kamp kvar, sjølv om det vart ei våt oppleving! 

Full innsats. Foto: Jon Olav Ørsal

Spelarane som spela fekk sine velfortente premiar, så sjølv om dei vart både våte og kalde, så har dei i alle fall eit minne frå cupen utover berre vêret. 

Surnadal mot Sunndal. Foto: Jon Olav Ørsal

– Det er berre å beklage at vi ikkje hadde vêret på vår side i år, men det rår vi ikkje med, seier Elinor Bolme, som er leiar i Todalen Idrettslag. – Vi håper å kunne å få bedre vêr til neste år, når det er 30 årsjubileum for TodalsCupen, avsluttar ho!

Stor sjanse. Foto: Jon Olav Ørsal

Elinor nyttar samtidig høvet til å takke alle som har bidrege i førebuingane til Todalsdagen og på sjølve arrangementet i dag! Ho takkar og arrangementsponsorane for støtta til Todalsdagen 2022.  

 

Våt oppleving både for spelarar og publikum. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Regnet bøtta ned. Foto: Jon Olav Ørsal

 


Publisert: 2. juli 2022, 16:01