Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsmarked – nytt innslag på Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2022

Nytt innslag på årets Todalsdag er Todalsmarked – der arrangementskomiteen hadde ønske om å prøve noko nytt.  Det er rett og slett ei utstilling og salg av husflid, slikt som tradisjonelt har vore bydd fram på julemesser og liknande. På Todalsdagen fekk dei no reiskapshuset på Bordholmen til disposisjon og bruka bord og stativ for å vise fram varene sine for å by dei fram for sal. 

Vi er faktisk så heldige at vi har fleire som driv med forskjellig husflid, og det er difor mange slags varer som blir bydd fram for sal. Nedafor har vi lagt ut bilder med bildetekster som fortel kva den enkelt lagar og byr fram.  Todalsdagen regna mestå heilt bort så det vart ein kort og hektisk salsdag, men dei reknar med fleire sjansar – ellers er dei da å treffe heime dersom du ønskjer å kjøpe eit eller anna frå dei.  Da er det berre å ta kontakt.  

Magne lagar tin i tre – han har arbeidd heile livet med møblar og er dyktig med tre – design og overflatebehandling. Foto Jon Olav Ørsal

Gudmund er og dyktig med tre – lagar koppar, kjøkenreiskap og er spesialist på gyngestilar i små format. Fredrik er med som handtlangar. Foto Jon Olav Ørsal

Torill Gjeldnes driv med gammelnorsk spel, og har difor mange fine skinn som ho no byr fram for sal. I tillegg har ho prima honning frå eigne bikubar. Foto Jon Olav Ørsal

 

Strikketøy er spesialiteten til Ingri R. Talgø som har sokkar og andre ting i alle fine farger og design. I tillegg har ho og med honning frå honningfarmen til mannen Anders. her saman med torill Gjelnes på nabostanden.  Foto Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 2. juli 2022, 18:41