Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Store nedbørsmengder tok mesta knekken på RætaOpp

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2022

Todalen I.L. opplevde makalause nedbørsmengder da Todalsdagen gikk av stabelen på laurdag.  I løpet av eit par timar kom det så mykje regn at fortballturneringa måtte avslysast etter nokre kampar – det var uforsvarleg å køyre vidare med arrangementet.  Mosjonsløpet Ræta Opp gikk som planlagt, men med betydeleg mindre deltaking enn tidlegare år.  20 påmeldt i herreklassen og eit tital i dameklassen utgjorde den aktive delen av løpet. 

Isak var ni sekund etter Håvard i mål – da kan ein seie at han pusta Håvard i nakkan! Foto Jon Olav Ørsal

Håvard Gjeldnes var ikkje uventa den største favoritten, og han innfridde da også på tida 11,24. Men junioren Isak Drøpping pusta han nok i ryggen og kom inn berre 9 sekund etter Gjeldnes i mål på Bordholmen. På tredjeplass kom Emil Ansnes som dermed vart bestemann frå arrangørklubben. 

Lisabeth Sæterbø var best i dameklassen – ho kom i mål på tida 14:04. Foto Jon Olav Ørsal

I dameklassen var det Lisabeth Sæterbø som trekte det sterkaste kortet, og gikk i mål på tida 14:04 .  På andreplass kom Marte Budei med tida 15.21 og dermed 1:17 etter Lisabeth – og på tredjeplass kom Anja Stenberg 1:24 etter – i dameklassen var det 10 påmeldt.  

Her har vi lagt ut komplett resultatliste frå RætaOpp

Inntekta til Gatelaget
Spesielt med Ræta opp er at inntekta går til eit veldedig formål – i år går inntekta til Gatelaget i Kristiansund som vi nok får høyre meir om etter kvart.  I skrivande stund er det kome inn rundt 7000  – Vil du være med og støtte arbeidet, så kan du enda delta med eit bidrag – send Vipps 107833 til RætaOpp så støttar du ei god sak!!

Miniræta – ein runde rundt løparbanen for dei yngste – men likevel var det stor innsats og pågangsmot som trossa regnvêret. Foto jon Olav Ørsal

…og sjølvsagt var det stor stas med medalje – Invild Kårvatn sørga for at alle deltakarane på Miniræta fikk kvar si flotte og velfortjente gullmedalje. Foto Jon Olav Ørsal

Vann kvar sin klasse – Håvard Gjeldnes vann herreklassen på tida 11:24, medan Lisabeth Sæterbø vann dameklassen på tida 14:04. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 2. juli 2022, 13:42