Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Grillmaten gjekk unna

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. juli 2022

Da Todalsdagen vart stoppa på grunn av regnvêret i går, bestemte Todalen IL seg for å invitere til ettermiddagsgrilling på Bordholmen, rett og slett for å få selt ut meir av grillmaten som vart att da arrangementet vart stoppa. Så klokka 18 kom både finvêret og folket for å kose seg med grillmat og andre ting frå kosken.  

Responsen på invitasjonen var kjempegod, så det kom mykje folk, både bygdafolk og andre tok turen, for å ta ein sein middag eller kveldsmaten på Bordholmen. 

Så da klokka tikka mot 19:30, kunne ein godt nøgd grillgjeng fastslå at så godt som all grillmaten var selt.

Da er det berre å gle seg til neste års Todalsdag, da er det også 30-årsjubileum for Todalsdagen. 

Publisert: 3. juli 2022, 07:48