Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1778 artiklar i dette arkivet.


Todalen Idrettslag – dei digitale årsmøtedokumenta er klare

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. mars 2023

Da er dei digitale årsmøtedokumenta til Todalen Idrettslag sitt årsmøte klare og kan lesast i PDF-versjon her på Todalen.no. Todalen Idrettslag sitt årsmøte blir gjennomført i Todalen ungdomshus i kveld klokka 19:00. 


«Barn i løypa» tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. mars 2023

Tysdag 14. mars klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra, og altså ikkje «Elg i løypa», slik biletet over viser! Det blir servering av saft etterpå. 


Fullstendig sakliste til årsmøtet er klar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. mars 2023

Todalen Idrettslag har årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. No er den fullstendige saklista klar, og den kan du sjå nedanfor. Saksdokumenta til årsmøtet vil bli tilgjengeleg her på Todalen.no frå og med klokka 19:00 årsmøtedagen. 


«Barn i løypa» tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. mars 2023

Tysdag 7. mars klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Det blir servering av saft etterpå. 


Fine forhold i lysløypa på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. mars 2023

Driftsleiar for lysløypa på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, opplyser at det no er nypreparerte løyper og fine forhold i lysløypetraseen på Tjønnmyra. 


Tredemølla og romaskina er i drift igjen.

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 19. februar 2023

Todalen Idrettslag melder i kveld at tredemølla og romaskina fungerer som dei skal, etter å ha blitt reparert i dag. På tredemølla er det no skifta band og på romaskina er det motstandsmotoren som er skifta. 


Ny komfyr på plass i ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. februar 2023

Det har ei stund vore planer om å skifte ut den gamle komfyren i Todalen ungdomshus med ein ny. Så da idrettslaget kom over ein nær ubrukt gasskomfyr, vart det fort bestemt at den skulle kjøpast og installerast i ungdomhuset. 


Tid for å fornye kontingenten i Todalen Idrettslag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. februar 2023

Da er det tid for å fornye medlemsskapet sitt i Todalen Idrettslag. Faktura for medlemskontingenten for 2023 er no sendt ut som epost til alle med registrert epostadresse. Betalingsfristen er sett til 26. februar, og medlemskontingenten for 2023 kostar 150,- kroner for kvart medlem. 


Kallar inn til årsmøte 15. mars

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. februar 2023

Styret i Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. Den som vil seie frå seg tillitsverv i idrettslaget må gjere dette skriftleg til valnemnda innan tysdag 28. februar.  Saker som skal behandlast på årsmøtet må sendast skriftleg til styret i idrettslaget innan tysdag 28. februar.  Det blir enkel servering.  […]


Populært med balleik i styggvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. februar 2023

Dei to siste dagane, har vore av det vindfulle slaget. Da er det ikkje akkurat uteaktivitetar som freistar mest, så da er det bra Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag kan tilby balleik for barn og unge i gymsalen på Todalen skule. 


«Barn i løypa» i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 31. januar 2023

Barne- og undomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til sesongens første «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra i kveld klokka 18:00 – 19:00. Det blir servert saft til deltakarane. 


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 22. januar 2023

Styret i Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort her på Todalen.no 7. mars.