Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sosial midtsommarkveld ved Båthølen

Jon Olav Ørsal Fredag 23. juni 2023

Etter at Toåa tursti vart etabler så har Todalen Idrettslag lagt St Hans-feiring til anlegget ved gapahuken i Båthølen som er eit flott og sosialt samlingspunkt. Litt duggregn og kald vind utover ettermiddagen begrensa nok omfanget av feiringa, men etter kvart stillna vinden og sola kom fram.

Det smaka med grillmat – frå venstre Lars Kvendset, Steinar Frøystad og Toril Talgø. Foto Jon Olav Ørsal

Trimgruppa i Todalen Idrettslag var på pletten og servert gratis kaffe til publikum, og dei sørga også for varme på grillen for dei som hadde med grillmat og kose seg med.  St. Hans-bålet var imidlertid fråverande i år på grunn av forbudet om bålbrenning som gjeld heile fylket.  – Vi er sjølvsagt loyale for slike påegg, seier Elinor Bolme som er leiar i Todalen I.L., som driftar Toåa tursti. 

Vi rettar oss sjølvsagt etter forbudet om bålbrenning og har droppa St Hans-bålet i år, seier Elinor Bolme som er leiar i Todalen I.L. Foto Jon Olav Ørsal

Toåa tursti er flittig i bruk – 2300 har registrert bruk i turappen «Turar i Todalen» – totalet for alle turalternativa er det hittil i sesongen i overkant av 5000 registrerte turar. i tillegg er turstien med i StikkUT-opplegget. Fint tiltak som er mykje bruka, altså! Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. juni 2023, 19:32