Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Håvard og Lisabet – akkurat som i fjor og i forfjor….

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juli 2023

Håvard Gjeldnes og Lisabeth Sæterbø toppar resultatliste for mosjonsløpet Ræta opp i år.  Det gjorde dei også i fjor og i forfjor, med det er det slett ikkje sikkert at dei gjør neste år, for i herrklassen pusta Emil Ansnes i nakkan på Håvard Gjeldnes det meste av løpet. Men i innspurten vart Håvard sterkast og kom i mål 36 sekund før Emil.  I dameklassen kom Lisabeth Sæterbø i mål 29 sekund før Ingrid Tangen som kom på andreplassen.  

I år som i fjor og i forfjor var Håvard Gjeldnes først i mål – årets vinnartid var 12.16. Foto Jon Olav Ørsal

I herreklassen var det 25 deltakarar som kjempa om førsteplassen – som sagt var Håvard Gjeldnes raskast og fekk vinnartida 12.16. som mesta eit minutt lengre tid enn i fjorårets løp, men det kan ha årsak i ei lita endring i løypetraseen i år.  Dette påvirka nok også tida til Lisabeth som i år fekk vinnartid 13.41 i dameklassen. Resultatlista finn du nederst på sida!

Lisabeth Sæterbø fekk beste tid i Dameklassen på 13.41 – Her saman med Håvard Gjeldnes som vart vinnar i herreklassen. Foto Jon Olav Ørsal

Men mest imponerende var nok deltakinga i Litj-Ræta som i år samla heile 112 deltakarar i den yngste klassen.  Vi tykkjer faktisk det er imponerende at så mange som hadde delteke i fotballcupen bruka den korte pausen til å delta i Litj-Ræta med ein heil runde rundt løparbanen.  Her var det full innsats på heile runden og målgange til utdeling av flotte gullmedaljer.  Alle som deltok fikk velfortjent flotte gullmedaljer for innsatsen, og det var sjølvsagt stor stas. 

Velfortjente medaljer – godt over hundre smårollinger deltok i Litj-ræta. Ingvild Kårvatn sørga for at alle fikk fine gullmedaljer. Foto jon Olav Ørsal

Bildegalleri frå Ræta opp på Bordholmen under Todalsdagen – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. juli 2023, 15:08