Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag sitt store «Jubileumslotteri» rullar vidare

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. juni 2023

Laurdag første 1. juli er det duka for Todalsdagen 2023. Det er i år 30 år sidan den første Todalsdagen vart arrangert tilbake i 1993, noko Todalen Idrettslag markerer med eit stort «Jubileumslotteri» med ti fine gevinstar frå lokale bedrifter. 

Førehandssalet av lodd «Jubileumslotteriet» er godt igang, og fredag 30. juni klokka 14:30 – 17:00 vil det vere førehandssal på Matkroken Todalen. Det er også mogleg å kjøpe lodd via vipps 527926 heile døgnet. Hugs å skrive namn på loddkjøpar i meldingsfeltet når du vippsar! Kvart lodd kostar 20,- kroner, og trekninga skjer under Todalsdagen på Bordholmen stadion 1. juli. 

Så da er det mogleg å kjøpe lodd og vere med i den store trekninga av dei ti fine gevinstane! 


 

Publisert: 28. juni 2023, 16:00