Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hærverk oppdaga på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. juni 2023

I samband med dugnaden i ungdomsrommet vart det oppdaga at det har vore gjort hærverk inne i klubbhuset på Bordholmen stadion. Eit pulverapparat, som står i dommargarderoben har fått fjerna sikringen og noko av pulveret er spruta ut. Dette må ha skjedd ein av dei siste dagane. 

Pulveret i slike pulverapparat spreier seg fort til store områder, og det er eit omfattande vaskearbeid som må gjerast for å få fjerna alt pulveret frå golv og veggar, sjølv om det i utgangspunktet er små mengder som er spruta ut. Idrettslaget vil i morgon ta kontakt med forsikringsselskapet sitt for bistand.  

Trist syn no rett før Todalsdagen, og mykje anna ein heller skulle ha brukt dugnadstimane på enn dette! Foto: B G Ansnes

Dette er berre trist, seier leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme. – Berre i kveld har vi hatt to til å måle i ungdomsrommet, tre til å montere nye fotballmål, og to til å slå turstien til St. Hans-feiringa der i morgon. fortel ho. Mange står på og legg ned mange timar med frivillig dugnadsarbeid for å halde anlegga våre i god stand, men det tek berre kort tid å øydelegge mykje, legg ho til. 

Det er også oppdaga litt hærverk ved gapahuken i Toåa tursti. Her har nokon funne ein sprayboks med måling og spraya litt på bålpanna og den eine veggen på gapahuken. 

Også i Toåa tursti har nokon gjort litt hærverk. Foto: Elinor Bolme

Vi håper at den eller dei som har gjort dette forstår at dei som legg ned mange dugnadstimar på anlegga til idrettslaget blir skuffa, avsluttar Turid H. Sæther og Elinor Bolme i styret i Todalen Idrettslag.  

Publisert: 22. juni 2023, 21:11