Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Alt klart til Todalsdagen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. juni 2023

I går kveld arrangerte Todalen Idrettslag dugnad på Bordholmen stadion, for å ta siste finpussen på anlegget før Todalsdagen laurdag 1. juli. I tillegg hadde nokre damer installert seg i ungdomshuset for å lage grillspyd og tillbehør til grillinga. Som vanleg på dugnad, så var det mange som møtte opp, slik at arbeidet vart fort ferdig. 

Montering av telt, som idrettslaget i år håper å bruka til solskjerming i staden for ly mot regnet! Foto: B G Ansnes

Polygon vart ferdige med rundvasken av klubbhuset i går, så da var det å få på plass at alle tinga som var lagra ute. Det vart også montert hyller i det nye kjølehjørnet. 

På kjøkkenet vart det nye kjølehjørnet ferdigstilt og varene sett på rett plass. Foto: B G Ansnes

Fleire har dei siste dagane slått gras rundt om på anlegget, så i går kveld var det berre siste finpussen som sto att. Party-teltet vart montert og fylt med bord og stolar. Elles var det mange andre småting som vart utført, slik at anlegget no er klart til Todalsdagen. 

Her blir det laga grillspyd og anna tilbehør til grillinga. Foto: Elinor Bolme

Og i ungdomshuset var det altså førebuingar til grillinga på laurdag. Damene rakk til og med å bake kake og koke kaffe som dei serverte dugnadsgjengen på Bordholmen. 

Da er er alt klart til Todalsdagen 2023, så da er det berre å ta turen i morgon!

Elinor var litt uheldig under transporten av kaka frå ungdomshuset til Bordholmen, men den smaka like godt! Foto: B G Ansnes

Publisert: 30. juni 2023, 06:45