Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ræta OPP – blir du med som deltakar?

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. juni 2023

Mosjonsløpet Ræta OPP er godt forankra som ein del av Todalsdagen som går av stabelen komande laurdag 1. juli.  Tradisjonelt har Todalen Idrettslag vore raus til å støtte veldedige organisasjonar ved å donere startkontingenten til eit godt føremål.  Denne gongen er det Surnadal Røde Kors som får nyte godt av dette. 

Ræta OPP er integrert i programmet under Todalsdagen, og her går startskotet presis kl 12.30 for Litj-Ræta som er for dei aller minste, og som går som ein runde rundt løparbanen på Bordholmen.  Mosjonsløpet for aktive og trimmarar starter umiddelbart etterpå – ca kl 12.45 – og går etter den gamle traseen ut frå Bordholen og ein runde over Halset bru og rundt Halset-ræta og attende til Bordholmen med målgang der.   Ingvild Kårvatn som er løpsleiar lover mange fine premiar til løparar og trimmarar.

Startkontingenten er kr 50 for born opp til 14 år, og for vaksne kr 100.  Du kan faktisk være med og støtte prosjektet ved å sende startkontingen til Vipps nr 107833, der startkontingenten går uavkorta til Surnadal Røde Kors.  Klikk på linken og les meir om Ræta OPP på TILs Facebookside

Publisert: 27. juni 2023, 07:34