To premierar på Surnadal kino i helga
Ein skal leite lenge etter større kontrastar enn Oppenheimer, «far» til atombomba, og Barbie. Men kritikarane ser ikkje den store forskjellen: begge filmane har fått svært gode kritikkar!
Vi fann 198 artiklar i dette arkivet.
Ein skal leite lenge etter større kontrastar enn Oppenheimer, «far» til atombomba, og Barbie. Men kritikarane ser ikkje den store forskjellen: begge filmane har fått svært gode kritikkar!
Sjølv om det er sommarferie, så er det mykje som går føre seg på kulturhuset. Der er det nemleg kunstutstilling, bibliotek og nokre forrykande filmar! Så finn du ikkje på noko anna å gjere no i sommarferien, så er det berre å ta turen innom kulturhuset.
Surnadal bibliotek har sidan 2019 arrangert «Litterært pusterom» på biblioteket på Skei. Som ein del av prosjektet «Ut av bibliotekrommet» vil biblioteket no tilby dette i andre delar av kommunen.
Surnadal kunstforening, i samarbeid med Vårsøghelga 2023, inviterer til kunstutstilling med årets festivalkunstnar, som er Nirmal Singh Dhunsi. Utstillinga vil vere i Finstuå på Surnadal kulturhus, og opnar torsdag 25. mai klokka 18:00.
8. mai er det ikke berre frigjeringsds- og veterandag som blir markert på Surnadal kulturhus. Da blir det også nemleg markert at det er 125 år sidan lokalhistorikaren og diktaren Hans Hyldbakk vart fødd.
Gjengen i «Vårspræll 2023» har startet nedtellingen til neste lørdag, og til forestillingen i Surnadal Kulturhus. Forhåndssalget av billetter har vært bra, men de ønsker seg, så klart, latter og glede fra en fullsatt storsal. «Vårspræll 2023» er en kavalkade med gode, gamle revynummer fra tidligere Hæstlatter og Vårspræll, samt ispedd også noen nye og artige revyinnslag. Dette blir en helaften med mye latter glede. Her er det bare å begynne å glede seg!
Måndag 8. mai klokka 18:00 inviterer Nordmøre Forsvarsforening, kulturavdelinga i Surnadal kommune og krigshistoriske museet på Åsen til markering av Frigjerings- og veterandagen. Det blir utstilling og foredrag på kulturhuset på Skei. Helge Husby, frå Tingvoll, kjem og held foredrag om «Slaget om Gratangen», som han har skrive bok om.
Laurdag 6. mai klokka 19:00 inviterer Kreativt Forum Surnadal (SKF) til «Vårspræll» i Storstuå på Surnadal kulturhus. Dette er femte framsyninga i serien «Vårspæll/Hæstlatter» som SKF arrangerer.
Onsdag kveld var Teatret Vårt på besøk på Surnadal kulturhus med musikkteaterstykket «Danse med skjebnen» – ei musikalsk reise som er basert på låtene til gruppa Dance With a Stranger. I danse med skjebnen er tekstane dikta om til dialekt og frakført av dyktige musikarar som er med på oppsetninga.
Onsdag 26. april klokka 19:00 kjem Teatret Vårt til Surnadal kulturhus med forestillinga «Danse med Skjebnen». Dette er eit underhaldande musikkteaterstykke basert på songane til Dance With a Stranger. Etter strålande tilbakemeldingar frå publikum over heile fylket, kjem stykket no altså til Surnadal kulturhus.
Søndag 23. april er Verdas bokdag. Surnadal bibliotek markerer dette med «bokloppis» i foajeen på Surnadal kulturhus frå fredag 21. april klokka 11:00 til og med søndag 23. april.
Jan Ove Ekeberg har hatt stor suksess med sine bøker med handlinga lagt til vikingtida. Tysdag 25. april klokka 19:00 kjem han til Surnadal kino på kulturhuset.