Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full «spetting» på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. juli 2023

Sjølv om det er sommarferie, så er det mykje som går føre seg på kulturhuset. Der er det nemleg kunstutstilling, bibliotek og nokre forrykande filmar! Så finn du ikkje på noko anna å gjere no i sommarferien, så er det berre å ta turen innom kulturhuset. 

«Mission: Impossible – Dead Reckoning – Part One»

Såg du for deg ein roleg fredagskveld? Vel, da bør du ikkje ta turen på kinoen. For Tom Cruise har allereie vore gjennom ein slåsskamp på togtaket i Romsdalen og køyrt motorsykkel uti lause lufta på Sunnmøre – og fredag, søndag og onsdag gjennomfører han stunta på nytt på kinoen. «Mission Impossible – Dead Reckoning» er valet for deg som er ute etter heftig action! Merk at filmen startar allereie klokka 18:00.

Mission: Impossible – Dead Reckoning – Part One

 

Indiana Jones and the Dial of Destiny

Les du dette før torsdag kveld, rekk du også å få med deg «Indiana Jones and The Dial of Destiny» 13.07 klokka 18:00.

Indiana Jones and the Dial of Destiny

«Elemental»

Disney/Pixar sin «Elemental» er tilbodet for dei yngre. Den går tysdag 18. og torsdag 20. juli.

Elemental

«Barbie» og «Openheimer»

Store kontrastar mellom premierefilmane neste helg: «Oppenheimer» og «Barbie».

Barbie

Oppenheimer

Men sjølv om det er full «spetting» i kinosalen, er det også vanleg drift ved biblioteket. Opningstidene er klokka 11:00–15:00 måndag – fredag, samt romsleg «bonustid» for dei som har meirope tilgang.

Elles minner kulturhuset også om opning av kunstutstillinga «12 prosjekter med lokalsamfunn» på kulturhuset laurdag 15. juli klokka 15:00 – ei utstilling delt med Surnadal Billag der ein opnar to timar tidlegare på laurdagen.

Publisert: 13. juli 2023, 14:19