Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til markering av Frigjerings- og veterandagen på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 29. april 2023

Måndag 8. mai klokka 18:00 inviterer Nordmøre Forsvarsforening, kulturavdelinga i Surnadal kommune og krigshistoriske museet på Åsen til markering av Frigjerings- og veterandagen. Det blir utstilling og foredrag på kulturhuset på Skei. Helge Husby, frå Tingvoll, kjem og held foredrag om «Slaget om Gratangen», som han har skrive bok om.  

Husby har i boka si teke for seg skjebnen til Trønderbataljonen, der ein tredel av styrken var fr Nordmøre og to tredeler var frå Trøndelag. Mange av Nordmøringane kom frå Surnadal og Rindal.

Jeg tar spesielt for meg soldatene fra de stedene jeg holder foredrag og viser fram de bilder jeg har av dem, seier Husby.

Boka var trykt i tusen eksemplar, men stor etterspørsel gjer at Husby no er i gang med trykking av nytt opplag. Han har også hatt stort oppmøte på sine foredrag om «Slaget om Gratangen».

Situasjonskart for «Slaget om Gratangen» henta frå boka ved same namn og skriven av Helge Husby

– Det er viktig å ikke glemme hvorfor nordmenn kjempet under andre verdenskrig, seier Husby.

Han seier han sjølv ikkje er spesielt oppteken av krigshistorie, men meir oppteken av personane som var med i Trønderbataljonen.

Effektane som blir stilt ut under utsillinga tilhøyrer dei private samlingane til Petter Forberg og Jo Inge Øverland.

Det er viktig å aldri gløyme vår nære fortid, og da spesielt historia frå 2. verdenskrig, ein krig som tok livet av mange millionar, både soldatar og sivile, seier nestleiar i NFF Jo Inge Øverland. 

Krigen i Ukraina viser at fred er noko ein må arbeide for å oppnå, og den kjem ikkje av seg sjølv, legg han til.

Han håper både unge og gamle tek turen til kulturhuset for å vere med på markeringa måndag den 8. mai. 

Thon Hotel Surnadal vil selje kaffe og noko å bite i under heile arrangementet. 

Arrangørane ønsker velkommen til markering av Frigjerings- og veterandagen 2023!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 29. april 2023, 14:25