Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Markerer Verdas bokdag med «bokloppis»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. april 2023

Søndag 23. april er Verdas bokdag. Surnadal bibliotek markerer dette med «bokloppis» i foajeen på Surnadal kulturhus frå fredag 21. april klokka 11:00 til og med søndag 23. april. 

Det er kasserte bøker, lydbøker og filmar biblioteket desse dagane sel på «loppis». Du kan betale med Vipps, eller med kort eller kontant i biblioteket, eller i resepsjonen på kulturhuset.

«Loppisen» vil vere open: 

  • Fredag klokka 11:00 – 22:00
  • Laurdag klokka 11:00 – 17:00 
  • Søndag klokka 13:00 – 20:00

Her blir det altså mogleg å gjere eit «bokkupp»!

Surnadal bibliotek ønsker velkommen til «bokloppis»!

 

Publisert: 19. april 2023, 13:32