Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Vårspræll» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 29. april 2023

Laurdag 6. mai klokka 19:00 inviterer Kreativt Forum Surnadal (KFS) til «Vårspræll» i Storstuå på Surnadal kulturhus. Dette er femte framsyninga i serien «Vårspæll/Hæstlatter» som KFS arrangerer. 

Laila Kvendset, Torill Talgø, Kikki Moe, Dan Roger Pedersen, Håvard Halset og Lars Sæter, alle frå Todalen, vil bidra med «Kvinnekroppen» og «Klokkespill» under «Vårspræll», og øvingane er allereie godt i gang rapporterer Laila K. Bergli. 

Torill Talgø (t.v.) og Laila K. Bergli framfører kvinnekroppen under «Vårspræll». Foto: Ingebrigt K. Bergli

Elles blir det eit variert innhald, der dei andre deltakarane er:  Ken Marius Pedersen (opprinneleg todaling), Jon Erik Grøset, Johan og Dagny Marie Øiestad, Camilla Hyttebakk, Erlend Romundstad, Gøran Bolme, Line Indergård, Eirik Nordvik, Einhild Johannessen, Maren Larsen, Inge Kristiansen, Ingun Løset, Tove Sundli og Tove M. Schei.

Det er framleis nokre billetter att til «Vårspræll», men vil du vere sikker på å få kjøpt billetter løner det seg nok å gjere det først som sist!

Billetter til «Vårspræll» kjøper du her

Først publisert: 29. april 2023, 05:00 - Sist oppdatert: 28. april 2023, 19:12