Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vikingetid på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. april 2023

Jan Ove Ekeberg har hatt stor suksess med sine bøker med handlinga lagt til vikingtida. Tysdag 25. april klokka 19:00 kjem han til Surnadal kino på kulturhuset.

Den tidlegare TV2-journalisten er mest kjent for romantriologien «I sverdets tid» og ikkje minst serien «Den siste vikingkongen», der han nøstar opp i den uverkelege historia om Kong Harald Hardråde.  No er Jan Ove Ekeberg ute med boka «Vikingtiden på 200 sider».

Vikingtida endra Norge for all ettertid. Det er dei blodige kampane og røvartokta som har fått mest merksemd. Men vikingtida var så mykje meir: det var da vi fekk dei første byane, eit nedskrive lovverk og nytt tankesett da kristendommen fekk fotfeste, meir eller mindre frivillig.

Jan Ove Ekeberg. Foto: Privat

Ekeberg har sett seg grundig inn vikingtida under arbeidet med sine bøker, og tysdag 25. april klokka 19:00 vil han altså formidle noko av dette vidare til historieinteresserte på kulturhuset. Seansen er lagt til kinosalen og det er fri inngang, utan påmelding på førehand.

Forfattarmøtet går inn i tilbodet frå Litteraturhus Møre og Romsdal og det er Surnadal bibliotek som er lokal arrangør.

Publisert: 18. april 2023, 14:02