Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordvik Grendalag Arkiv

Vi fann 198 artiklar i dette arkivet.


Nasjonaldagsfeiring på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. mai 2023

Også på Nordvik har dei i tradisjon tru feira nasjonaldagen. Rapportane fortel om ei fin feiring også hos våre gode naboar på Nordvik. Etter å ha delteke i 17. mai-toget  i Todalen var det klart for middag og 17. maifeiring i Nordvik forsamlingshus.


Ung kunst til inntekt for Ukraina

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. april 2023

Ei lita solskinshistorie frå skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra i går. Ella Bruset, 10 år frå Lørenskog, med mamma fra Todalen, selde i går, under skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra, bilete til inntekt for Redd Barna i Ukraina. 


Skjærtorsdagsrenn på Nordviksetra i strålande vêr

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. april 2023

Vikarierande pressetalsmann for det tradisjonelle skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra, Oddvar Mikkelsen, har sendt oss ein rapport frå dagens seterrenn. Oddvar kan fortelje at det var strålande vêr og flott skiføre under årets utgåve av Nordvik grendalag sitt seterennet på Nordviksetra.




Årsmøte i Nordvik grendalag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 1. mars 2023

Nordvik grendalag arrangerte årsmøte i Nordvik forsamlingshus tysdag 28. februar.


Årsmøte i Nordvik Grendalag

Dordi Jorunn Halle Fredag 10. februar 2023

Nordvik Grendalag kallar inn til årsmøte tysdag 28. februar kl. 19:30. Vanlege årsmøtesaker.


Basarsøg på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Sundag 27. november 2022

Første søndag i advent arrangerte Nordvik Grendalag stor førjulsbasar i Grendahuset. Her var det triveleg og god, gammeldags basar etter eit par år med koronapause.


Førjulsbasar på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Laurdag 26. november 2022

Nordvik Grendalag arrangerer førjulsbasar i Nordvik forsamlingshus søndag 27.november.


Nytt utlopp i Åsbøsnota

Jon Olav Ørsal Fredag 12. august 2022

Utpå ettermiddagen for eit par dagar sia var det eit nytt utlopp frå Åsbøsnyta. Denne gongen var det på framsida, i hamrane ovafor Åsbøen og Sjøleet. Ein stor stein – kanskje mellom 1 og 2 m3 kom heilt ned mot kulturbeita som høyrer Åsbøen til, og var liggande rundt 100 meter ovafor vegen, like ovafor Sjøleet.


Friska oppatt historia om vegane i Åsbøhauan, med avslutning i Sjøtrøa.

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juni 2022

Det er tydeleg at vandring i lokalhistoria er populært for folk som har levd ei stund. Denne gongen var det vegane i Åsbøhauan og innover til Sjøleet, og vidare ned til Sjøtrøa som var tema da Nordvik Grendalag, Stangvik historielag og Todalen historielag inviterte. I det fine vêret var det rundt 50 deltakarar som møtte ved Åsbøsommarfjøset, for å bli med på vandringa som starta i Åsbøhauan, og gjekk etter gammelvegen opp til Åsbøen


Dugnad ved den nye småbåthamna på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 14. mai 2022

I dag arrangerte Nordvik Båtforening og Nordvik Grendalag dugnad i området der den nye småbåthamna på Nordvik skal byggast. 20 personar møtte opp for å vere med på Dugnadan. Per E. Gjeldnes Maskin stilte med gravemaskin, medan Kristoffer Nordvik og Ola J. Nordvik stilte med traktor og hengar.