Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ung kunst til inntekt for Ukraina

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. april 2023

Ei lita solskinshistorie frå skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra i går. Ella Bruset, 10 år frå Lørenskog, med mamma fra Todalen, selde i går, under skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra, bilete til inntekt for Redd Barna i Ukraina. 

Ung til inntekt for Ukraina. Foto: Privat

Bileta hadde Ella måla sjølv, og salet av bileta gjekk fort unna. Totalt selde Ella bilete for rundt 2.300,- som blir overført til Redd Barna i Ukraina. 

Ung til inntekt for Ukraina. Foto: Privat

Dette var eit fint initiativ frå ein ung kunstnar, som heilt sikkert vil glede barn i eit krigsherja land! 

Først publisert: 7. april 2023, 11:00 - Sist oppdatert: 8. april 2023, 07:33