Full aktivitet sjølv med snømangel på Nordviksetra
Skjærtorsdag inviterte Nordvik Grendalag til det tradisjonelle seterrennet på Nordviksetra. Karin Åsbø har sendt oss ein liten rapport frå årets seterrenn, som ein kan lese nedanfor.
Vi fann 206 artiklar i dette arkivet.
Skjærtorsdag inviterte Nordvik Grendalag til det tradisjonelle seterrennet på Nordviksetra. Karin Åsbø har sendt oss ein liten rapport frå årets seterrenn, som ein kan lese nedanfor.
Tysdag kveld inviterte Nordvik Grendalag til påskebasar i Nordvik forsamlingshs. I tillegg til stort basarbord med knapt førte gevinstar, sal av kaffe og kaker, var det pilkast. Her vann Iben Marie Frøhaug klassen for barn, medan Anne Mari Eilertsen vann vaksenklassen.
Tysdag 31. mars frå klokka 17:30 blir det påskebasar i Nordvik forsamlingshus. Det blir ikkje førehandssal på bygda, men det er mogleg å førehandskjøpe lodd via Vipps. Kvart lodd kostar 50,- kroner og kan kjøpast på Vipps 98505 eller ved å bruke QR-koden under. Merk kjøpet med basar og namn.
Nordvik Grendalag arrangerte årsmøte i Forsamlingshuset tysdag 3. mars. Årsmeldinga synte god aktivitet i 2025.
Styret i Nordvik Grendalag kallar inn til årsmøte tysdag 3. mars klokka 19:00 i Nordvik forsamlingshus. Saker som skal behandlast på årsmøtet må sendast skriftleg til Hanne Waag på sms til 950 81 828 innan tysdag 24. februar.
Tysdag kveld arrangerte Nordvik grendalag «smør-kveld» i Forsamlingshuset, der Einar Oterholm var innhyra for å halde foredrag om det gamle smørmeieriet Nordvik Meieri og Nordvikstranda smørlag som kom litt seinare. Oterholm tok utgangspunkt i overgangen frå naturalhushaldning til pengehushaldning som gjorde endringane naudsynt
Nordvik Grendalag inviterte til tradisjonell førjulsbasar første søndag i advent med godt oppmøte.
Søndag 30. november klokka 16:00 inviterer Nordvik Grendalag til tradisjonell førjulsbasar i Nordvik forsamlingshus, og tysdag 2. desember inviterer grendalaget til historiekveld i Nordvik forsamlingshus klokka 19:00.
Todalen historielag inviterte laurdag på historisk vandring rundt på Øygarden på Nordvik. Rundturen får liksom ein heilt anna dimensjon når du får med kjentfolk som kan fortel om historia til både staden og folket. Med på denne turen var det fleire kjentfolk – vi kan nemne Sven Olav Svinvik, Rannveig Brøske, Anna Ingeborg Nordvik og Unni Tørset – og fleire til.
Nordvik Grendalag og Todalen historielag inviterer til kulturvandring på Nordvik laurdag 14. juni klokka 12:00. Sven Olav Svinvik, Rannveig Brøske og Anna Ingeborg Nordvik med fleire, vil vere lokale guidar.
Nordvik Grendalag ved 17. mai-komiteen hadde invitert til tradisjonell nasjonaldagsfeiring i Nordvik forsamlingshus på nasjonaldagen. Det heile starta at komiteleiar Lina S. Vatten ønskte dei nær søtti frammøtte velkommen, før frosamlinga song «Ja vi elskar».
Nordvik Grendalag ved 17. mai-komiteen inviterer til tradisjonell nasjonaldagsfeiring i Nordvik forsamlingshus 17. mai klokka 15:00. Her blir det sodd, tale for dagen, leikar for ungane og kaffe og kaker.