Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Basarsøg på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Sundag 27. november 2022

Første søndag i advent arrangerte Nordvik Grendalag stor førjulsbasar i Grendahuset. Her var det triveleg og god, gammeldags basar etter eit par år med koronapause.

Det var mykje folk på basaren, fullt hus! Komiteen måtte sette fram fleire bord og stolar etter kvart som «Forsamlingsstova» fyltest opp med folk. Ikkje minst så krydde det av ungar, så på Nordvik ser framtida lys ut!

I kiosken var det sal av kaffe, sjokoladekake og bakels med graut eller syltetøy – det smaka riktig så godt!

Fay Mossing (til venstre) og Lina Vatten stod i kiosken. Foto: Dordi J H

Det var stort basarbord med fine gevinstar, og i tillegg var det barnebord med populære gevinstar for dei yngste. Loddsalet gjekk strykande.

På scena var det pilkast. Og sjølvsagt var det klassisk tippekonkurranse: «Gjett kor mange «Non Stop» det er i krukka.» Ikkje minst så var det åresalg, og det var det unge krefter som styrte med. Ungane fekk tillit, og dei klarte ut med både åresalg og trekking av gevinstar kjøle godt! Det var kjekt å sjå!

Dyktige åreselgarar! Magnar, Ådne og Anna. Foto: Dordi J H

Det var også utdeling av premiar på trimbøker: Torgunn Nordvik fekk premien for flest turar til Haltbakkan og Gunn Tove Svinvik vann for turane sine opp til Dammen.

Det kom inn ca. 26 000 kroner på basaren – godt resultat! Grendalaget på Nordvik takkar alle som har stilt opp for basaren med gevinstar og loddkjøp og slik har bidrege til aktivitet i grenda!

Fullt hus og triveleg prat! Foto: Dordi J H

Fullt i Huset på Nordvik denne basarkvelden. Foto: Dordi J H

Mange fine gevinstar! Foto: Dordi J H

 

Først publisert: 27. november 2022, 23:35 - Sist oppdatert: 28. november 2022, 10:16