Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Nordvik grendalag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 1. mars 2023

Nordvik grendalag arrangerte årsmøte i Nordvik forsamlingshus tysdag 28. februar.

Det vart ein interessant årsmøtekveld som starta med informasjon om Todalsfjordprosjektet AS. Både styreleiar Lars Inge Kvande og dagleg leiar Trond Skogseth deltok på møtet. Dei orienterte om det som foregår i prosjektet og om planane framover.

Lars Inge Kvande orienterte på årsmøtet til Nordvik grendalag. Mange er vel spente på kva siffer X vil bli. Foto: Tonje Kristin Vikan.

Etterpå var det ordinært årsmøte med gjennomgang av årsmelding og rekneskap for 2022.

Deretter var det valg, og det nye styret ser slik ut:

Leiar: Ola J. Nordvik

Nestleiar: Kristoffer Brøske Nordvik

Kasserar: Fay J. Mossing

Sekretær: Tonje Kristin Vikan

Styremedlem: Kenneth Sæterbø

Mange takk til Tonje Kristin Vikan for informasjon og bilete.

Lina Vatten til venstre og Palmer Vikan heilt til høgre fekk takk og velfortente blomster for innsatsen sin i styret. I midten tre frå det nye styret: Fay J. Mossing, Tonje Kristin Vikan og Ola J. Nordvik. Fotoeigar: Tonje Kristn Vikan.

Publisert: 1. mars 2023, 17:32