Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt utlopp i Åsbøsnota

Jon Olav Ørsal Fredag 12. august 2022

Utpå ettermiddagen for eit par dagar sia var det eit nytt utlopp frå Åsbøsnyta.  Denne gongen var det på framsida, i hamrane ovafor Åsbøen og Sjøleet.  Ein stor stein – kanskje mellom 1 og 2 m3 kom heilt ned mot kulturbeita som høyrer Åsbøen til, og var liggande rundt 100 meter ovafor vegen, like ovafor Sjøleet. 

Helge Nordvik fortel at det tyder på at det har vore stor fart nedover skogen, for steinen har «rydda eit årsforbruk med ved» på sin fart nedover lia.  Dette skjedde altså på ettermiddagen for eit par dagar sia og den regnfulle sommaren må kanskje få skulda for at det er ustabile massar i Åsbøsnyta, trur Helge.  

Publisert: 12. august 2022, 21:09