Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordvik Grendalag minner om påskeativitetar på Nordvik, hugs basaren tysdag 4. april!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 4. april 2023

Nordvik grendalag melder at det blir påskebasar tysdag 4. april og seterrenn på Nordviksetra skjærtorsdag 6. april.

Det blir tradisjonell påskebasar i Forsamlingshuset på Nordvik tysdag 4. april. Dørene opnar kl.18:00. Det blir stort basarbord og salg av kaffe med noko attåt. Det blir ikkje førehandssalg på bygda, men lodd kan kjøpast med VIPPS eller QR-kode – sjå plakat lenger nede på sida. NB! Merk kjøpet med Basar og namn. Ta gjerne med gevinst til basaren.

Skjærtorsdag 6. april blir det Påskerenn på Nordviksetra.

Program: Langrenn kl. 12.00. Kulerenn kl. 13.00. Alle deltakarane får premie!

Det blir salg av kaffe, saft, skuffkake og pølser i Nistuskjelet.

Gratis transport frå Øygarden med traktor og tilhengar. Avgang kl. 11:00.

Nordvik Grendalag ønskjer alle VEL MØTT både til basar og Seterrenn!

Det første Seterrennet vart arrangert alt i 1928, altså for 95 år sidan. Olaf Nordvik frå Gammelstuå deltok på det første rennet som 13-åring og var fast deltakar fram til 1988! Han var i mange år primus motor for arrangementet. Så i 2028 kan Seterrennet feire 100-årsjubileum!

Her er plakaten:

 

 

Publisert: 4. april 2023, 11:25