Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad ved den nye småbåthamna på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 14. mai 2022

I dag arrangerte Nordvik Båtforening og Nordvik Grendalag dugnad i området der den nye småbåthamna på Nordvik skal byggast. 20 personar møtte opp for å vere med på Dugnadan. Per E. Gjeldnes Maskin stilte med gravemaskin, medan Kristoffer Nordvik og Ola J. Nordvik stilte med traktor og hengar. 

 

Bortkøyring av kvistar. Foto: Privat

I dag var det, i første omgang, å rydde området ovanfor småbåthamna og vegtraseen ned til småbåthamna for kvist som vart prioritert. Dette for at det skal bli lettare for entrepenør Gjeldnes å planere området og bygge vegen ned til småbåthamna. Kvistane vart køyrt saman til eit stort pinsebål. 

 

Publisert: 14. mai 2022, 15:47