Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nasjonaldagsfeiring på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. mai 2023

Også på Nordvik har dei i tradisjon tru feira nasjonaldagen. Rapportane fortel om ei fin feiring også hos våre gode naboar på Nordvik. Etter å ha delteke i 17. mai-toget  i Todalen var det klart for middag og 17. maifeiring i Nordvik forsamlingshus.

17. maikomiteen, som i år bestod av Fay Johansen Mossing, John Nordvik,Maren Aune Polden, Nils Håvar Øyås,  Siri Sylte Heggset, Sven Olav Svinvik og Torgunn Nordvik laga ei fin nasjonaldagsfeiring. 

Hovudtalar under feiringa av nasjonaldagen, var varaordførar Hugo Pedersen. Foto: Øyås/Mossing

Det var lunt og godt å kome innandørs i ein festpyntet sal. Leiaren i 17. maikomiteen ønska velkommen, og det var allsang med «Ja vi elsker» før det vart tale for dagen ved varaordfører Hugo Pedersen. Etter ein flott og høgtideleg tale var det klart for middag.

Langborda var dekt og pynta til fest, og det vart servert sodd. Før og etter maten var det allsang med tradisjonelle songar.

Potetløp. Foto: Øyås/Mossing

Etter middagen var det uteleikar med leikar som potetløp, 60 meter og pilkast. Det var også loddsal. Etter leikane vart det heile avslutta med inne i forsamlingshuset  med stort kakebord og kaffelag.  

For Nordvik vart dette ein fin festdag for alle i grenda. Totalt var rundt 80 personer i alderen 2-88 år. Dette er tett opp mot rekorden for oppmøte på 17. maifeiringa på Nordvik.  

Klare til festmiddag. Foto: Øyås/Mossing

17. maikomiteen på Nordvik takkar hovudtalar Hugo Pedersen, og ikkje minst Matkroken Todalen for topp service med levering av varer på døra!

 

 

Publisert: 17. mai 2023, 20:54