Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skjærtorsdagsrenn på Nordviksetra i strålande vêr

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. april 2023

Vikarierande pressetalsmann for det tradisjonelle skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra, Oddvar Mikkelsen, har sendt oss ein rapport frå dagens seterrenn. Oddvar kan fortelje at det var strålande vêr og flott skiføre under årets utgåve av Nordvik grendalag sitt seterennet på Nordviksetra.

Mange hadde møtt opp for å vere med på det tradisjonsrike skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra. Foto: Oddvar Mikkelsen

Frammøtet var bra, sjølv om det var nokre koronafråfall og enkelte at andre sikkert valde toppturar til andre turmål det fantastiske vêret.

Somme hadde kledd seg i påskegult! Foto: Oddvar Mikkelsen

Tradisjonen tru var det langrenn på idealtid i kort og lang løype. Etter langrennet var det «kulerenn». I alle dei tre konkurransane var det premier til alle. Nordvik Grendalag nyttar høvet til å takke alle sponsorane som har bidrege med premiar til årets seterrenn. 

Litt småprat om smøring, føre og andre ting høyrer med! Foto: Oddvar Mikkelsen

Det gjekk unna med sal av kaffe, saft og pølser i Nistuskjelet og rennleiarane såg ut til å vere fornøgde med omsetninga, seier Oddvar.

Premieutdeling høyrer sjølvsagt med! Foto: Oddvar Mikkelsen

På kortløypa i langrennet deltok det 12 ungar. Idealtida var 6 minutt og vinnar vart Jon Ola Øyås framfor Ella Bruset.

Skiglede. Foto: Oddvar Mikkelsen

I langløypa, der idealtida var 9 minutt, gjekk Ola Bruset av med sigeren framfor Allan Halle og Oddvin Nordvik.

Folk kosa seg i finvêret. Foto: Oddvar Mikkelsen

«Kulerennet» gjekk også bra, og ein unngjekk dei mest spektakulære falla, og da også skadar!. Av dei tolv deltakarane var det Oddvar Mikkelsen som var raskast, eit hundredels sekund framfor Ane Nordvik med Anna Vikan på tredjeplass.

Kulekøyring er artig! Foto: Oddvar Mikkelsen

Da er det berre å konstatere at nok eit vellykka skjærtorsdagsrenn på Nordviksetra kan noterast inn i minneboka, eit renn som sakte men sikkert dreg seg mot å ha vore arrangert eit tresifra gonger. 

Publisert: 6. april 2023, 18:00