Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 8882 artiklar i dette arkivet.


Kulturhuset 20 år – No blir det heildags feiring

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. november 2022

Laurdag 5. desember blir det skikkeleg heildags bursdagslag for kulturhuset.  Egentleg var 20-årdagen den 18. jnauar, men da var enno alt usikkert rundt handteringa av pandemien og usikker smittefare.  Men no er altså alt klart, og kulruturavdelinga i kommunen kunne i dag presentere eit skikkeleg og heildags program for den lokale pressa.


Talgø MøreTre rustar opp målingsanlegget i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. november 2022

3 store danske semitrailere dukka opp for å levere nytt målingsutstyr på Talgø i dag.  Det er Talgø MøreTre som rustar opp målingsavdelinga, og som skal starte med produksjon av ferdigmåla kledning til byggebransjen.  Her var det både store og tunge kolli som vart lossa – det tyngste på heile 8 tonn.  Her måtte gaffeltrucken gi opp og ein større kranbil frå Erling Søyset måtte til for å få dette kolliet innomhus.


Dalalia: Tilbygg på plass i løpet av dagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. november 2022

Måndag vart det montert nytt tilbygg på hytta til Gudmund og Wenche Kvendset på Kårvatn – nytt tømmerbygg som er levert av Handlafter’n Odd Magnar Gjeldnes. Ved hjelp av kranbil og sterke karar kom tilbygget på rundt 40m2 på plass i løpet av måndagen og var klart til tekkjing da vi stakk innom i skyminga måndag ettermiddag. 


Triveleg mimrestund i ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Måndag 7. november 2022

Den kulturelle spaserstokken som er eit kulturtidbud eller om ein skal kalle det mimrestund som er støtta av fylkeskommunale kulturmidlar og skal være med og krydre kvardagen til dei som har levd ei stund.  Astrid Overaa som hadde god hjelp av pianisten Jan Gunnar Åkre underheldt ei 30-tal frammøtte ein ettermiddagstime på måndag.  Med sin lune humor og gode forteljarevne fikk ho publikum til å kome i skikkeleg mimremodus.


Helgemesser med lys i mørkret

Tekst og foto: Bernt G. Bøe Måndag 7. november 2022

Helgemesse – Allehelgensdag – er ei høgtid med sterke kjensler. Vi følgde presten Torbjørn Brøske til Todalen, Åsskard og Stangvik. Både årstida og ramma om dagen er prega av mørke. Minnet om dei vi har mista, legg vemod og sakn til gudstenestene. Etterlatne var denne gong spesielt inviterte gjestar.


Meir hjortfall i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 6. november 2022

Jaktlaget på sørsida har vore på jakt ved Hauråa – i området mellom Raudåa og Storhaugen, og da ga som resultat ein liten bukk.  Gårdagens jakt ga ein elgkalv som resultat – så det har ikkje vore dei heilt store reasultata denne helga.  Men forrige helg fall det 4 fine dyr for laget, så resultatet er variabelt.


Kamp mot klokka på Dammen Opp…

Jon Olav Ørsal Sundag 6. november 2022

Søndag var det premiere for motbakkeløpet Dammen Opp som Trollheimen Fjellsportklubb arrangerte på Nordvik.  Løypetraseen er nær 3 km lang, og startar ved Nordvik Forsamlingshus og går til enden av Blomlivegen – ved inntaksdammen for kraftanlegget. Det er berre motbakkar heile vegen, og det er rå kraft og kondisjon som skal til for å kome først i mål.  Uoffisielt var rekorden på turen opp dit i overkant av 15 minutt – det store spørsmålet i dag var om denne rekorden kunne halde?


Vellukka jaktdag – både hjort og elg

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. november 2022

Talgø og Kårvatn jaktlag fekk full utteljing under jakta i dag – det vart både elgokse, kronhjort og ein spissbukk.  Etterpå vart det travelt med slakting, da kveldsmørkeret nærma seg fort.  Kronhjorten og spissbukken vart skotne i området ved Vassosen i nærleiken av Kokkhuset, medan elgen fall lengre til skogs.  – Den var liggande ved Storfjellstigen, rett utfor Lomtjønna.




I startgropa på ei travel førjulstid

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. november 2022

På Hageland Surnadal er det sesongstart på jula komande torsdag – da opnar alle hagesentera i Hagelandkjeda i heile Noreg. – Det er nemleg to travle periodar på Hageland kvart å – det er «våronna» som går frå april til juli og så er det «jul-onna» som går frå starten på november og fram til jul.


Godverstur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Måndag 31. oktober 2022

Siste dagen i oktober gjekk kløverturen i Toåa tursti. Godt ver og god stemning!