Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Foreslår bygging av fire leiligheiter i skulebygget

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. juni 2023

Under Surnadal kommunestyre sitt møte 15. juni, stilte Helge Røv frå Arbeiderpartiet ein interpellasjon til ordføraren med tittelen «Gjenbruk av Todalen skole  til utleieboliger». Eitt av spørsmåla frå Røv var å sjå på «… en mulighet for at noe av skolen kan ombygges til boligformål (kanskje kan det være mulighet for 4 leiligheter)…» Det er listekandidatane for Surnadal Arbeiderparti til haustens val, Odd Arild Sande og Bjørn Gunnar Ansnes som står bak forslaget om å bygge om noko av nydelen til leiligheiter. 

Det gamle skulebygget i Todalen har stått tomt eit par år. No er det forslag om å lage 4 leiligheter i bygget. Foto Jon Olav Ørsal

Bakgrunnen for forslaget er at det no er opna for busetting av flyktningar både i Stangvik og i Todalen barnehage. Arkitekt Georg Øye, har på førespurnad frå dei to listekandidatane, laga ei skisse som viser at det er mogleg å bygge fire leilegheiter i ny-delen ved skulen. Dette er ei løysing som gjer at gymsalen vil vere fullt operativ som i dag, og kan nyttast til fysiske aktivitetar og andre ting til glede for bebuarane i Todalen. 

– Kvalitetar i Todalen i forhold til busetting av flyktningar: Aktive lag og foreiningar, fastbuande i Todalen som kan ukrainsk/russisk, nærbutikk, buss til og frå Skei i skuleåret, lettare å bli integrert i små bygdesamfunn enn i meir urbane strøk – ref. Bernt V. siste kom.st.møte om flyktningane som bor i Stangvika, seier Sande. 

– Vi har fått arkitekt G. Ø. til å sjå på ny-delen av skulen – da held vi gymsalen utanom, fortel Sande og Ansnes. 

– Ei enkel skisse viser at det er mogleg å bygge om til fire leilegheiter på ca. 80 m2, fortsett dei to. 

Ei ombygging til fire fullverdige utleigebustadar kan vere med på å betre bustadsituasjonen både for flyktningar og andre som vil eventuelt treng bustad i kommunen. 

Dei to listekandidatane ser for seg at det blir oppretta eit heilkommunalt selskap, eller eit selskap med delt eigarskap mellom Surnadal kommune, private eller lag og organisasjonar. Dette selskapet skal drifte dei fire leilegheitene, leilegheita i barnehagebygget og gymsalen. – Her er det heilt sikkert fleire løysingar, så det er berre å finne den rette modellen, seier Sande. 

Surnadal kommune er i dag eigar av bygningsmassen, og har såleis ansvaret for sikring, drift, vedlikehald og eventuell riving av heile eller deler av skule- og barnehagebygningane. 

Ei løysing med å bygge fire leilegheiter i nydelen av skulen meiner Sande og Ansnes vil gje billige leilegheiter, målt i kvadratmeterpris, løyser spørsmålet rundt gjenbruk av skulen, kommunen slepp vedlikehald og eventuell riving og at utleiga av leilegheitene finansierer drifta av gymsalen. 

Todalen barnehage er også nedlagt – her er det aktuelt å busette eit par flyktningefamiliar. Foto Jon Olav Ørsal

– Gjenbruk av bygget på denne måten vil også vere i tråd med Surnadal kommune sine forpliktingar i høve til FN sine bærekraftmål, avsluttar dei to listekandidatane. 

Da har det i alle fall kome eit konkret forslag til gjenbruk av skulebygningane i Todalen, så blir det opp til administrativ og politisk leiing å sjå på om dette er ein farbar veg for gjenbruk av skulebygningane. 

Publisert: 24. juni 2023, 09:51