Jonsokfest i kyrkja
På jonsokdagen 24. juni vart den førtiande «Jonsvaka» (sia 1982) arrangert i Åsskard-kyrkja. Kor, solistar, musikarar og stappfullt hus sørga for ei fulltonande jonsokfest.
Etter biletkåseri med tilbakeblikk på 40 års historie og ein triveleg kaffepause kom konserten «Tonar til alle tider». Tittelen viste til musikk som på ymse måtar knyter seg til årstidene og til døgnets faser, til høgtidene i kyrkjeåret frå advent til pinse og til mange hundre års kulturhistorie