Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Raset i Åsbøsnyta – større enn ein kunne tru

Jon Olav Ørsal Sundag 28. august 2022

Den 16. juli hadde vi ei sak om eit ras som hadde gått i Åsbøsnyta som hadde stoppa før det kom ned til vegen.  Vi hadde eit par bilder som var tekne på avstand, slik at det var vasnkeleg å sjå kor stort det var.  Anders Magne Ormset, som driv jakt i området her, var i området her i går som førebuing til jakta. Han vart overraska over kort stor raset var, og har sendt oss bilde frå rasområdet. 

Mykje masse som er kome ned der bratta slakkar ut ned mot vegen. Foto Anders Magne ormset

Her stoppa det meste av rasmassane. Foto Anders Magne Ormset

Bilda viser at raset er omtrent like stort som raset som gikk da vegen var ny.  Han trur imidlertid ikkje at rasfaren er større no enn han var før raset. Men han tykkjer det er lurt å være litt på vakt når ein er inne i periodar med store nedbørsmengder – slik som det har våre i denne sumaren.  Han trur det er lite ferdsel i området der raset gjekk – kanskje berre jegrane som fer her. Men billistane kan være litt oppmerksomme for stein i vegbanen.

Slik ser raset ut frå Gjerstad i Lykkjebygda. Foto Jon Olav Ørsal

Bilde oppover raset – her får vi eit godt inntrykk av kor stort (og breitt) raset var. Foto Anders Magne Ormset.

 

 

Publisert: 28. august 2022, 17:00