Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Matkroken med pristak på 200 daglegvarer ut året

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. september 2022

For å hjelpe til med å takle ein kvardag med stor kostnadsauke har Matkroken og d3ei andre kjedene i Coop-systemet gått ut med garanti for at dei skal halde prisane uendra – eller lågare, for 200 av dei mest populære daglegvarene.

Coop kjøttdeig er eit av produkta som blir omfatta av pristaket på Matkroken. Foto Jon Olav Ørsal

Pristaket omfattar alle Coops daglegvarekjeder – inkludert oss i Matkroken, seier Jorid Haugen Ansnes ved Matkroken Todalen. Dette gjeld kvardagsprodukt, og vi finn både frukt, grønt, middag og pålegg.  Eksempel på produkt er Tine lettmjølk, Gilde pølse, Coop kjøttdeig og Stabburet makrell i tomat.  Lista over varer inneheld både Coops merkevarer og merkevarer frå andre leverandørar.  Her kan du sjå kva varer som er omfatta av «pristaket» 

Jorid fortel at pristaket alt har tredd i kraft, og at det er godt motteke hos kundane som handlar lokalt på Matkroken i Todalen. 

Publisert: 1. september 2022, 17:30