Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Byggmakker samla troppane på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. august 2022

Byggmakker samla proffkundane sine (entreprenørkundane) til fagmesse på Gammelfabrikken torsdag – først på dagen var alle elevane frå BA (bygg og anlegg) invitert og her troppa det opp elevar frå 4 vidaregåande skular – Surnadal, Sunndal, Tingvoll og Kristiansund, fortel Konrad Våbenø frå BM Surnadal.  -Viktig at vi får med oss framtidas snekkarar på slike arrangement, seier Konrad som sett stor pris på at elevane tok i mot innbydinga og kom på todalsvisit.  I tillegg til Byggmakker Surnadal er også kundane til BM Bytås og BM Tredal inviterte til Todalen.

Litt spesielt er det faktisk at på Tingvoll VG er 3 av 7 elevar på førsteåret jenter.  Dei gler seg til å ta fatt på Bygg og anleggslinja no, og er sjølvsagt spente på korleis dette blir.  Dei 3 opplever at det er mange som reagerer på at vi jenter går på BA-linja, men folke venner seg vel til det etter kvart.  Kommentarane går ofte på at jentene er ikkje så fysisk sterke, men vi trur ikkje at gutane alltid nyttar ut den fysiske fordelen, og vi trur faktisk at det er det som er «mellom øra» som tel. Dei tre er iallfall nysgjerrige på dette skuleåret og har planane klare – den eine vil bli snekkar, ei vil bli møbelsnakkar og den tredje vil gå vidare med utdanninga.

Roy Smørholm frå Isola presenter sin produkt for Maddelen Moen Fiske, Mohamudzada Hussein, Naritchai Buengklai og John Bjørnar Eggen Sæther frå 2.året i Surnadal. Foto Jon Olav Ørsal

Opplegget på Gammelfabrikken er eit samarbeid med leverandørane til Byggmakker, og dei har kvar sin stand, der dei viser kolleksjonane sine og sørgjer for at snekkarane er informert om produkta og tenestene dei tilbyr.  – Det er heilt utruleg kva produktkjennskap som er naudsynt for ei snekkar som driv med både nybygg og restaurering.  På fagmessa kjem snekkarane tett på leverandørane og kan få svar på myke som dei lurar på i kvardag, seier Våbenø. 

Robert Rudsar frå Luna informerer om sine produkt til elevar frå Tingvoll VG. Foto Jon Olav Ørsal

Rune Moe frå Talgø MøreTre informerer om Concise-kolleksjonen til Talgø til elevar på førsteåret ved Surnadal VG. Foto Jon olav Ørsal

Han seier vidar at det også er viktig å treffe kollegaer, slik at vi kan få den viktige fagpraten.  Den blir det egentleg lite tid til i den vanlege kvardagen.

På Gammelfabrikken var også mannskap frå Todalshytta på plass for å sørge for trakteringa – på dagtid gjekk det på nygrilla hamburarar, medean det på kveldstid skalle blir bacalao frå storgryta på Todalshytta. 

Utan mat og drikke….. Gjengen frå Todalshytta sørgjer for traktering av gjengen – lunchmenyen bestod av hamburger – til kvelden var det bacalao på gang. Frå ventre Jon Olav R, Aldona, Arve og Cristy. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. august 2022, 13:57