Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koka bacalao til 200 i storgryta

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. august 2022

Jon Olav Roaldset tok seg på tak da han skulle lage bakalao til alle besøkande på Byggmakkers Proffmesse på Gammelfabrikken.  Han laga glatt 200 posjoner med bacalao i storgryuta, og lovprise eigenskapane til den gamle vedførte storgryta.  Det var Todalshytta som sørga for trakteringa til gjestane, og Roaldset garanterte at det vart nok og lova påfyll til alle som ønska det. 

Bra deltaking på Proffmessa som Byggmakker arrangerte på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Foto Jon Olav Ørsal

Det var Byggmakker som stor som arrangør av proffmessa, og hadde invitert alle sine entreprenørkunda til messa på Gammelfabrikke.  Eit nyttig og populært tiltak som var populært og som snekkarane sette stor pris på. Ikkje minst den faglege biten og kontakten med kolleger rundt om på Nordmøre. 

Bacalaoen gikk ned på høgkant da rundt 150 vart traktert utafor messelokala etter at proffmessa var slutt. Foto Jon Olav Ørsal

Det var nærast fullparkert på plassen framfor Gammelfabrikken. Foto Jon Olav Ørsal

-Vi er veldig godt fornøgd både med frammøte og interesse med messa, sa Konrad Vøbenø som har heldt i dei raude trådane i arrangementet.  Her sjølvsagt jhatt gode hjelparar både i kolleger og blant leverandørane, og eg trur dei aller fleste tykkjer dei har hatt bra utbytte. 

Vi inviterte også BA-elevane frå dei vidaregåande skulane til messa – noko både elevane og lærarane sette stor pris på.  Det var ein engasjert og interessert gjeng som allereie har signalisert at dei vi være med neste år også.  Bygg og anlegglinjene både i Surnadal, Sunndal, Tingvoll og Kristiansund var våre gjestar i dag, fortalte Våbenø.

Heilt på tampen var det altså time for bacalao, og jammen minka det i storgryta når rundt 150 snekkarar gikk til bords på elvakanten i den varme sommarkvelden. 

Todalshytta og Jon Olav Roaldset koka bakalao til rundt 150 i storgryta – og fekk mykje skryt for det! Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 25. august 2022, 18:54