Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkeologisk undersøking – eit skritt vidare for bruprosjektet

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. august 2022

Det er kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som no er i gang med arkeologisk undersøking i den framtidige vegtrasèn i Svinvika. Arkeologar er no i gang med å ta ut prøvar frå sjakter som er gravd fram på innmarka, og det er gjort eit par små funn så langt i prosessen.  Det er funne ei kokegrop og litt gammel dyrkingsjord med dei stikkprøvane som er gjort til no.  Heile nesset, med arboretet og Svinvika er med i prosjektområdet der det no skal gjerast forundersøking. 

I første omgang blir det gravd fram sjakter for å avdekke eventuelle funn etter stikkprøveprinsippet. Blir det gjort funn blir det sett i gang meir omfattande undersøking. Foto Jon Olav Ørsal

Dersom det blir gjort funn i denne prosessen vil det bli sett i gang eit større prosjekt og ei meir grundig undersøking.  Området har i grunnet ei rett plassering, og det vil forundre oss om det ikkje blir gjort fleire funn etter kvar, seier arkeolog Einar Kristensen, som er feltleiar for prosjektet.  -Vår oppgåve er å avdekke om det er noko som kjem i konflikt med det planlagte vegprosjektet så tidleg som muleg i prosessen. Det blir mellom anna teke ut dateingsprøva og pollenprøvar for å datere og dokumentere historisk aktivitet.  

Det første området dei no held på og undersøker ligg rett øst for arboretet og ovafor våningshuset i Svinvika.  I neste omgang skal det gjerast tilvarande undersøking utover mot nesset der det er planlagt at brua kjem i land.  Som sagt er heile området med prosjektområdet, der det skal gjerast undersøkingar.  Forundersøkinga vi gjer no vil gjøre det mulig å avgrense området der det skal gjerast meir grundige undersøkingar.  

Det blir i føste omgang teke ut sjakter som fungerer som stikkprøvar. Lars Arne Bøe frå Mesta entreprenør sørger for gravehjelp, medan arkeolog Brage Sletvold følgjer med kva som blir avdekt. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 23. august 2022, 10:27 - Sist oppdatert: 8. september 2022, 12:22