Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Rossåfossen og Løfta

Dordi Jorunn Halle Måndag 29. august 2022

Siste måndagen i august skein sola frå skyfri himmel over Todalen, ein nydeleg dag for Kløvertur!

Som vanleg starta turen frå Matkroken, eit fint samlingspunkt. Da kjentfolk rapporterte om blauthol oppi Myrjaren, vart turruta snudd rundt, altså gjekk turen utover Kvennsetørane først og så oppover og innover til Rossåfossen.

Ved dammen i Rossåfossen: Inger Johanne, Arndis, Jorunn, Dordi , Åse, Åshild, Helen og Synnøve. Foto: Marit Sanden Søyset.

Inger Johanne på gamle tomter, her stod hytta til besteforeldra. Foto: Dordi J H.

Deretter gjekk turfølget oppover til Løfta. Her stod det tidlegare ei lita hytte som Johanne og Ingebrigt H. Kvendset åtte – besteforeldra til Inger Johanne. Inger Johanne fortalde at ho og besteforeldra ofte gjekk tur hit for å ha kaffelag. Det var langt unna vatn, så det måtte dei bere med seg. Og kvar gong song dei «Min hytte» av Margrethe Munthe, ei tekst som beskriv fint kor godt det er å ha ein fristad til rekreasjon :

Langt inni skogen ved sjøen den blanke

ligger min hytte i fred så fritt,

der kan jeg styrkes, hvile min tanke

dit inn jeg lengter når jeg er slitt.

 

Der kan jeg leve i pakt med naturen,

der kan jeg streife i syd og i nord,

drive med båt og klatre i uren,

fryde mitt øre med fuglers kor.

 

Herlig om vinter, om høst og om våren,

herlig om sommer med blomst og med bær.

sent eller tidlig, kveld eller morgen,

alltid er hytten mitt hjerte nær!

Det er vel av mange av lesarane til todalen.no som kjenner til barnesongane til Munthe som til dømes «Nei, nei gutt». Den mest brukte songen av Margrethe Munthe i dag er utan tvil: «Hurra for deg som fyller ditt år!»

Foreldra til Inger Johanne, Ingrid og Olav Todalshaug, tok ned hytta og flytta ho frå Løfta og opp på Tårnet.

Turen vart avslutta med kaffe og is i solveggen ved Halsbua, reint så triveleg.

Neste måndag blir det tur oppover skogsvegen frå Bruset.

Fleire bilete frå ein god dag i friluft:

På tur opp mot Løfta. Foto: Marit Sanden Søyset.

Fin skogssti. Foto Marit Sanden Søyset.

Og så vart det kaffe og is i godveret. Foto: Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 29. august 2022, 22:17