Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koser seg på fjellbeite i sommar

Jon Olav Ørsal Måndag 22. august 2022

Det er mykje fokus på at fjellbeitene grør att og at det veks att med kratt og buskas langt til fjells.  Det er nok fleire årsaker til at utmarka gror att, men to vikige  faktorar er nok mangel på beitedyr, både sauer og storfe, og så er det klimaendringane.  Vi har vel ikkje noko umiddelbar løysing på nokon av problema, men vi tykkjer det er synd at den fine fjellbeita vi har her i Trollheimen ikkje blir nytta ut.  Vi kjem vel både borti næringspolitikk og rovdyrpolitikk dersom vi skal diskutere dette.

Fint er det iallfal at noko tek i bruk utmarka til beiting – idag er det storfe som beiter både i Kvennsetdalen, i Romådalen på Hallsetfjellet og i Gammelseterdalen (Kårvatn).  I tillegg er det sauer som beiter i Sul-massivet, på Lauvåfjellet og i Kvennåbotn.  Sauetalet er nok gått dramatisk nedover dei siste 20-30 åra, noko som har samansett årsak, men som jerven nok må ta mykje av skulda for.  

Tilsyn i kvennsetdalen – Anne Berit sjekkar at dyra har det bra, og kosar seg på frodig beitemark på Kvennsetstølen. Foto Ola K.

Vi har fått bilder frå både Romådalen og Kvennsetdale der det er beitedyr i sommar.  Krøttera kosar seg på dei fine og saftige beitene og det ser ikkje ut som regnet har hemma dei i matfatet. Husdyr på beite skal ha tilsyn kvar veke, og både Ola Kvendset og Åshild Halle har sendt oss bilde som vi har lagt ut i dei to galleria nedafor.

Glimt frå Romådalen.  Alle foto Åshild Halle

På fjellbeite i Kvennsetdalen – lenge sia det har vore krøtter på stølane her.  Alle foto Ola Kvendset.

Publisert: 22. august 2022, 09:22