Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9118 artiklar i dette arkivet.


Tenorperler og salmeslepp i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. oktober 2022

Fredag 14. oktober er Stangvik kyrkje arena for ein unik kyrkjetonekveld. Tenorperler, orgelmusikk, kor og nye salmetonar står på programmet. Tenorsolist Harald Bjørkøy og musikkskapar Ole Karsten Sundlisæter er P17-korets gjester med eit smakfullt program.


Inn på tunet – unikt tilbod for personar med demens

Dordi Jorunn Halle Onsdag 5. oktober 2022

På garden Jostua Bele i Bæverfjorden har Solveig Haglund og Helga Bele eit unikt tilbod til personar som har demenssjukkdom. På møtet i Todalen sanitets forening tysdag kveld orienterte dei to engasjerte og positive kvinnene om prosjektet Inn på tunet.


Tysdag – Todalshytta byr på balldag

Jon Olav Ørsal Måndag 3. oktober 2022

Tysdag 4. oktober er det altså balldag igjen på Todalshytta.  Arve Evensen fortel at det har vore ein travel haust og stor aktivitet på Todalshytta, sjølv om sesongslutt forlengst er passert. Tysdag er det imidlertid duka for ny balldag, og som vanleg er det fritt val om du vil ha potetball med tilbehør, eller kanskje du likar betre  sildball med stekt bacon – valet er ditt, seier Arve.


Fjord1 – Redusert kapasitet på avgang kl 11.45 i dag

Jon Olav Ørsal Måndag 3. oktober 2022

Fjord 1 melder at det blir redusert kapasitet på ferjeavgangen frå Rykkjem til Kvanne klokka 11.45 måndag føremiddag. Dette på grunn av  transport av farleg last. På denne avgangen er det kun tillatt opp til 12 passasjerar. 


Fornyar avtalen om støtte til nærbutikkane – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 2. oktober 2022

Surnadal kommune fornyar avtale om støtte til nærbutikkane i kommunen.  Det er Coop-butikken i Bøfjorden, Matkroken Bæverfjord og Matkroken Todalen som blir omfatta av denne avtalen. Avtalen går ut på å plassere ut ein infoskjerm i butikkane, der kommunen formidlar nytt frå kommunen og frå lokale media. 


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. oktober 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 3. oktober. Start frå Matkroken kl. 11:00. Du er velkomen til å bli med ut på tur!


Fårikåldag – årets lam smaka godt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. oktober 2022

Laurdag dufta det godt av fårikål innover alle gangar på Todalshytta.  Ei kjempestor fårikålgryte sørga for at alle som møtte opp på fårikåldag vart skikkeleg metta opp med fårekjøtt og kål i skjønn forening. Sjølv om sesongen er over og Todalshytta ikkje lenger er open for «drop in» til restauranten, så er det stor aktivitet i den 120 år gamle tømmerbygninga.  Utenom sesongen går det no mykje på arrangement – bursdagar, bryllup og intern aktivitet på Talgø, – og når det er ledig kapasitet som blir det temadagar.  Da blir lokalbefolkninga invitert slik som laurdag når det var fårikåldag. Komande tysdag er det balldag – med både potetball med tilbehør og sildball på menyen.


Stavgang til Bøkeskogen i Stangvik

Sverre Kjølstad Torsdag 29. september 2022

35 pensjonister og 12 elever fra Surnadal videregående skole la ut på tur til Bøkeskogen i dag. Været viste seg fra sin beste side med lettskyet oppholdsvær, og etter hvert dukket en disig sol opp. Bøkeskogen har etter hvert blitt ca. 135 år. En antar at den var plantet rundt 1887. Sannsynligvis var det presten Just Bing Ebbesen som var ansvarlig for plantingen. Han var prest i Stangvik sokn i tidsrommet 1884 – 1891. Det var den siste prestegjerningen han utførte, for han sluttet i 1891, og gjekk over til postverket med stilling som postmester i Tønsberg



Melding frå Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 28. september 2022

No er det tid for å betale kontingent for medlemskap i Todalen historielag for året 2022.


Er du klar for Lorth Phillips fårikåldag

Jon Olav Ørsal Måndag 26. september 2022

Laurdag 1. oktober inviterer Todalshytta til fårikåldag basert på årets lam. Siste veka på september er det lang tradisjon for å lage fårikål for å smake på årets lam. Lam som nærast er komene direkte frå fjellbeite i Trollheimen er vel noko av det ypperste du kan få som råstoff, seier Kjell Arve Vikavoll som skal sørge for at dette blir vellukka


«Sanitetens uke» – fokus på trygg kvardag for eldre!

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. september 2022

Todalen sanitetsforening inviterer godt vaksne todalingar, nordvikgardingar og andre interesserte til treff i Sanitetshuset med tema brannførebyggande tiltak onsdag 28. september kl. 12:00.