Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tradisjonell julegrantenning i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Fredag 2. desember 2022

Det var ingen som klaga på nokre få kuldegrader da det tidlegare i kveld var julegrantenning i Brusetmarka.  Det skedde sjølvsagt i Trudvangkrysset, og treet er flott pynta med mykje lys. Triveleg med lokal julegrantenning som samla store deler av legmålet til litt sosialt samvær.  

Blide frøkener som tykte det var stas med julegrantenning. Foto Torill Talgø

Tradisjon er det også at det blir traktert med litt julegodt og sjølvsagt vart det servert gløgg.  Rundt 30 deltakarar deltok i julegrantenninga som altså er ein godt etablert tradisjon i Brusetmarka.  

Godt å varme seg litt rundt bålpanna. Foto Torill Talgø

Anita Talgø fikk fyr på bålpanna – foto Anita Talgø

Publisert: 2. desember 2022, 20:39