Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Adventlotteri – tredje trekning laurdag 3. desember

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. desember 2022

Jammen var det eit par ullestar som var gevinsten under luke nr 3 i Adventlotteriet.  Vinnar denne gongen dro vi kjapt kjensel på, da det stod Skogly på vinnarlodden, og da blir det nok størrelsen som kjem til å avgjera om det blir underteikna eller om det blir Berit som blir den heldige brukar.

Jenny med gevinsten for laurdag 3. desember – snakk om spisskompetanse på strikking av ullestar! Foto Jon Olav Ørsal

Det er i allfall Jenny på 101 år som har strikka, og det ser ikkje ut til å være ei einaste maske som er strikka feil.  Egentleg er det kanskje rart ho har tid til å strikke lestar til utlodding, for ho har over 60 etterkommarar som skal ha julegåver frå bestemor, oldemor og tippoldemor.  Du verden vi vart glade på denne gevinsten!

Først publisert: 3. desember 2022, 08:00 - Sist oppdatert: 29. november 2022, 18:36