Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Adventlotteri – første trekning torsdag 1. desember

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. desember 2022

Endeleg er vi i gang. Etter ein hektisk periode med innsamling av gevinstar og sal av adventloddar er vi i gang med trekninga, seier Torill Talgø og Anita Talgø.  Dei to representerer Todalen ILs trimgruppe som har trødd igang årets nykommar som dette adventlotteriet faktisk er.  Trekninga kjem til å skje kvar dag fram til jul – 24. desember trekkjer vi siste gevinsten.  Dei fleste dagane trekkjer vi ein gevinst, men enkelte dagar slår vi litt på stortromma og trekkjer to gevinstar.  No har dei den første vinnaren klar…

Når trimgruppa opna den første luka så fann dei ein eksklusiv og unik pose med tennbrikettar der.  Og den heldige vinnaren det er Ytterbaugen.  Her er det faktisk opptenn for heile adventstida – eller kanskje Sissel og Lisabet vil spare heile posen til jul?

Som sagt blir det ny spenning kvar dag – i morgon er det altså ny trekning, og kanskje blir det du som blir den heldige da.  Følg med for her blir det mykje spenning og vinnarglede utover i adventtida fram til julaften.

 

Først publisert: 1. desember 2022, 08:00 - Sist oppdatert: 29. november 2022, 17:13