Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg julegatetenning på Kvennset

Jon Olav Ørsal Sundag 27. november 2022

Søndag kveld var det flott markering av julegata på Kvennset – pynta med massevis av lys mellom Hals/Matkroken og Talgø.  Det var møtt fram mykje folk for å få med seg tenninga av den flotte julegata.  Det var Todalen Bøgdalag som hadde regi på arrangementet, og dei serverte varm kaffe og sørga for loddsal som mellom anna skulle finasiere noko av julebelysninga som i år jhar vore skifta ut. 

I fjor hugsar vi at det var 10-15 kuldegrader da julegata vart tent – i år var det faktisk det same talen med varmegrader – det vi seie at det nok var ein temperaturforskjell på mellom 20 og 30 grader frå i fjor til i år.  Nokre få regndråpar var det også, men regnvêret for nok fort forbi.  

Loddsalet gikk strykande – tilsaman var det selt 398 lodd, som tilsaman ga ei lotteriinntekt på kr 7.960,- har vi fått melding om frå bøgdalaget.  Bygdalaget har alt trekningslista klar, så den har vi lagt ut nedafor.  

Todalens framtid klar for julegatetenning – foto Jon Olav Ørsal

Svarten var med – Andrea og Anne Berit kom pr hesteskyss – med god styring av Heidi Nergård. Foto Jon Olav Ørsal

Endeleg fikk Barn i løypa premiane sine – leiar Elinor Bolme sørga for utdeling Foto Jon Olav Ørsal

Matkroken badar i lys frå julegata – eit flott skue! Foto Jon Olav Ørsal

Kaffeservering – Jorunn Hals Ørsal og Synnøve Hole Talgø blir servert av Ragnhild Ansnes Moe Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 27. november 2022, 20:22