Nok ein finvêrstur for Fjellgruppa
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Bollknubben ovanfor Nordvik, og igjen vart det ein skikkeleg finvêrstur for fjellvandrarane.
Vi fann 89 artiklar i dette arkivet.
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Bollknubben ovanfor Nordvik, og igjen vart det ein skikkeleg finvêrstur for fjellvandrarane.
Leiar Todalen elveeigarlag, Stig Husby, fortel at frå i år er laksevaldet «Steinutgarden» med i elveeigarlaget igjen. Steinutgarden har vore leid ut som privat elv i mange år no. Stig er glad for at den populære strekninga, ved utløpet av Romåa, no er tilgjengeleg for kortkjøparane i gjen. No blir Steinutgarden rusta opp til å ta i mot laksefiskarane, og ny fin gapahuk er under bygging og klar til bruk i løpet av veka.
Trimgruppa i Todalen Idrettslag inviterer, i år som i fjor, til St. Hans-feiring i gapahuken ved Båthølen fredag 23. juni klokka 18:00.
Måndag føremiddag trefte vi denne gjengen som kosa seg i sommarvarmen i Toåa tursti – eller nærare bestemt ved gapahuken ved Båthølen. De ti damene var ute på «Kløvertur» i regi av Todalen sanitetsforening, og dei let som så at det var litt for trimmens skuld og kanskje mest for å treffast og ha det triveleg i lag.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgang til Skjennå torsdag 22. juni klokka 11:00. Oppmøte og parkering ved Surnadal bygdemuseum på Åsen.
Nordmøre Forsvarsforening inviterer til dugnad ved krigsminnesamlinga på Åsen laurdag 24. juni klokka 10:00 – 16:00. Det er planlagt få å vaske og rydda innvendig. Anna forefallande arbeid kan også bli akruelt.
Fredag 23. juni, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til siste bakeriutsal før sommaren. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til St. Hans feiringa. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.
I helga har det vore monteringsarbeid i klubbhuset på Bordholmen stadion. Nils Ove Bruset, Magne Søyset og Lars Stensby har nemleg montert det nyinnkjøpte kjølehjørnet Todalen Idrettslag har kjøpt for å ha i Klubbhuset på Bordholmen.
Søndag 18. juni arrangerte Surnadal Golfklubb runde 5 av den regionale juniorturneringa Narvesen Tour, der dei beste golfspelarane i juniorklassen frå Midt-Norge var med. Turneringa vart spela på Surnadal Golfpark på Mo, og det samla spelarar frå Volda GK, Ålesund GK, Smøla GK, Surnadal GK, Trondheim GK og Stjørdal GK.
Søndagens folketonemesse i Todalen kyrkje trekte 80-90 til den litt spesielle gudstenesta. Sjølvsagt er det Bernt Bøe som er arkitekten og som har vore musikalsk leiar for prosjektet. I utgangspunktet var det ei vanleg gudsteneste, men med innfletta song og musikk så vart det eit heilt anna produkt, sjølv om bodskapet vart det same.
Vêrmeldinga på yr.no melder om skogbrannfare for heile Sør-Noreg. For Trøndelag og Møre og Romsdal er farevarselet på gult nivå, medan det i resten av Sør-Noreg er på orange nivå – altså meir ekstremt der. Dagens vêrmelding inneheld også eit varsel om mykje lyn og torden i heile Midt-Noreg.
Talgø har hatt ei fin utvikling i nord dei siste åra. Bindalsbygg AS har meir enn dobla omsetninga på nokre år, og oppkjøpet av Bindalslaft vil nok sikre at utviklinga går vidare. Selskapet heiter i dag Talgø Agrobygg, og har tilhald på Bindalseidet i Bindal kommune. – Agrobygg er spesialistar på landbruksbygg, og har eit godt rennome med heile Nord-Noreg som marknad.