Stem på månadens bilete for august
Her kjem ei påmming om å stemme på det beste Dagens bilete i august. Du har fram til søndag til å benytte deg av stemmeknappen.
Vi fann 98 artiklar i dette arkivet.
Her kjem ei påmming om å stemme på det beste Dagens bilete i august. Du har fram til søndag til å benytte deg av stemmeknappen.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde hadde i dag stavgangtur til Roparen i fint haustvêr. Turen gjekk frå parkeringsplassen ved Surnadal alpinsenter og derifrå oppover til Roparen.
Dei siste tre vekene har det gått føre seg arkeologiske undersøkingar i Svinvika. Det er arkeologar frå Møre og Romsdal fylkeskommune som har gjort forundersøking i den framtidige vegtrasen for Todalsfjordprosjektet. Dei har ikkje gjort nokon sensasjonelle funn, men likevel er det gjort interesante funn som det skal bli spennande å analysere. Dei vil kanskje endre historia om busettinga og gardsdrifta i Svinvika, seier feltleiar Einar Kristensen til Todalen.no
Kyrkja i Surnadal fortsett også i haust tilbodet om felles middag, siste onsdag i månaden fram til advent. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te. Dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
Det var litt uvant å treffe på Veidekke-bil som jobba med vegstikker ovafor arboretet i Svinvika i dag. Men det er da kome til eit skifte frå Mesta som har drive vedlikehald på vegane her i mange år – no er det Veidekke som står for denne jobben. Dersom vi hugsar rett så blir dei å finne på vegane her i minst 7 år – kanskje lenger? Vi trefte iallfall Ole Peder Holten og Ola Svinsås som var i gang med å plassere ut vegstikker – dei to skulle sette ut korte stikker langs vegen som hadde rekkverk
I kveld var det eit skikkeleg klassisk lokaloppgjer i lokalfotballen, da Søya/Todalen G10 spela seriekamp mot Surnadal G10 på Bordholmen stadion. Det er tre todalingar som spelar på Søya/Todalen sitt lag, medan det er til vanleg er to todalingar på Surnadal sitt lag, så her var det mange kjente fjes å sjå.
Tysdag 13. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Blåfjellet i Heim kommune. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30, for samkøyring til Rognskog i Betna, der det blir parkering.
Sokneråda i Stangvik, Todalen og Åsskard inviterer søndag 25. september til busstur til Nidarosdomen i Trondheim. Første post på programmet blir gudsteneste i Nidarosdomen, før det blir lunsjbuffé på Ni Muser. Etterpå blir det guida omvisning i Nidarosdomen.
Friluftsrådet Nordmøre og Romadal arrangerer i perioden 1. – 11. september Stikk UT! Festival i dei fleste kommunane i regionen. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, i samarbeid med Fellowman Surnadal, Todalen sanitetsforening og Todalen Idrettslag, inviterer derfor til Stikk UT! Festival i Toåa tursti fredag 9. september klokka 18:00.
I går vart det nok ein finvêrstur for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Da gjekk nemleg den vekentlege fjellturen til Knyken. «Det må vera noko med fjellufta! Da vi starta på dagens tur var vi 29, men på Knyktoppen hadde vi vorte 31! Ikkje verst for ein såpass godt tilårskommen gjeng!», kan Kristian Ranes i Fjellgruppa muntert fortelje.
Tysdag fekk Cathrine og Gudmund Kårvatn tildelt Kulturlandskapsprisen for 2022. Det er ei stor ære for oss å motta denne prisen, og det er ein viktig motivasjon til å fortsette arbeidet vidare. Grunnlaget for prisen er den allsidige aktiviteten som syner at Cathrine og Gudmund er opptekne av å ta vare på verdiane og vidareføre dette til neste generasjon. Værgudane viste seg også frå si beste side da prisutdelinga gikk føre seg i gardstunet på Kårvatn. Prisen var eit kunstverk og ein sjekk på 10.000 kroner
Surnadal kommune er i ferd med å lage nye retningsliner for motorferdsel i utmark, for perioden 2022 – 2026. Derfor har Hovudutval for miljø, areal og teknikk (MAT), vedteke å legge ut sitt forslag til nye retningsliner for motorferdsel i utmark, til offentleg ettersyn.