Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stikk UT! Festival i Toåa tursti fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 7. september 2022

Friluftsrådet Nordmøre og Romadal arrangerer i perioden 1. – 11. september Stikk UT! Festival i dei fleste kommunane i regionen. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, i samarbeid med Fellowman Surnadal, Todalen sanitetsforening og Todalen Idrettslag, inviterer derfor til Stikk UT! Festival i Toåa tursti fredag 9. september klokka 18:00. 

Todalen sanitetsforening serverer frukt og knekkebrød. Drikke tek ein med sjølv. Alle som deltek, er med i trekninga av mange fine gevinstar. 

Arrangementet er, som tidlegare nemnt, eit samarbeid mellom Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Fellowman Surnadal, Todalen sanitetsforening og Todalen Idrettslag. 

Toåa tursti – stikkut.no

Arrangørane ønsker velkommen til Stikk UT! Festival i Toåa tursti!

Publisert: 7. september 2022, 08:21