Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2022

Vi fann 98 artiklar i dette arkivet.


Sikrar slekters gang i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. september 2022

Todalen Elveeigarlag legg vekt på at laksegenene frå Toåa skal førast vidare. Derfor er Statkraft pålagt å ale sette ut eit antal smolt som er knytt opp mot avtalen som Trønderkraft har med overføring av ein del av nedfallsområdet til Driva kraftverk. Kvart år blir det difor drive med stamfiske til denne prosessen. Eit antal laks blir fanga og frakta til stamlakshuset ved Bjøråa, og så blir det teke genprøvar for å sikre at ein avlar vidare på laksar med ekte «todalsgener».


Kløvertur til Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. september 2022

Veret var grått og surt, og det var yr i lufta. Men elleve turglade jenter stilte på Kløvertur til Tjønnmyran.


Kongen månadens bilete i august

Guro Redalen Måndag 12. september 2022

Nye kongar er i tida, og lesarane til todalen.no er som vanleg med på det dagsaktuelle. Det majestetiske bilete Kongen frå Marita Nordvik Bruset vart velfortjent røysta fram som månadens bilete for august.


No blir det seniorfilmklubb – bli med

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. september 2022

Noko nytt, med noko meir gammalt, i Surnadal kulturhus denne hausten. Ein filmklubb skal vise filmar – gode filmar – som ikkje går på kinoane. Og gjerne filmar som har vunne seg ein rettmessig plass i filmhistoria, som tre av dei klubben sett opp i haust; «Casablanca», «Gjøkeredet» og nydelege «Cinema Paradiso». Eller nyare filmar som er på tur til å få tildelt ein slik plass, som oscarvinnaren frå i fjor «Nomadland».


Bli med stavgangarane til Sjøasetervatnet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. september 2022

Torsdag 15. september klokka 11:00, inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur. Denne gongen går stavgangturen til Sjøasetervatnet. Oppmøte klokka 11:00 ved bommen, for samkøyring oppover lia. 


Sikrar Bjøråbrua med nytt rekkverk

Jon Olav Ørsal Måndag 12. september 2022

Brusetmarka er firma Arveid Gjerde frå Innfjorden, i sving med å utbetre rekkverket/glidekanten forbi Bjøråbrua. Fire bilar og 4 mann var i full sving med å demontere den gangel glidekanten for å erstatte denne med ny og høgare glidekant, som skal sikre brua og ferdselen over brua, fortalte Stian Bjerkeli frå firmaet


BUSSTUR TIL NIDAROSDOMEN

Sverre Kjølstad Måndag 12. september 2022

Stangvik Sokneråd arrangerer busstur til Nidarosdomen søndag 25. september. For at turen skal bli realisert må vi ha minst 30 påmeldte. Vi starter med gudstjeneste i Nidarosdomen, og etterpå blir det lunsjbuffé på Ni Muser. Deretter guiding i Nidarosdomen.


Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. september 2022

Fredag 16. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen.   


Fotballkamp på Bordholmen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. september 2022

Onsdag 14. september klokka 18:00 er det klart for lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen sitt J/G 8 lag seriekamp mot Surnadal hvit.


Ei lita glede i kvardagen

Jon Olav Ørsal Sundag 11. september 2022

Forleden fann Sidsel Heimlund ein liten pose som hang på ein grein i Toåa Tursti. Sidsel vart litt nysgjerrig og tok ned posen som viste seg å være ein liten lykkepose, med ei lita helsing i kvardagen.



Bra tilslutning på Stikk UT!- Festivalen

Jon Olav Ørsal Fredag 9. september 2022

Det var bra tilslutning til Stikk UT! Festivalens arrangement i Toåa Tursti fredag kveld.  Eit hundretals deltakarar kom på arrangementet i Toåa Tursti, og det er vi godt nøgde med, seier Ola Fremo og Liv Synnøve Hoel frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd.  Arrangementet var eit samarbeid mellom Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Fellowman Surnadal, Todalen sanitetsforening […]