Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sikrar Bjøråbrua med nytt rekkverk

Jon Olav Ørsal Måndag 12. september 2022

I Brusetmarka er firma Arveid Gjerde frå Innfjorden, i sving med å utbetre rekkverket/glidekanten forbi Bjøråbrua.  Fire bilar og 4 mann var i full sving med å demontere den gangel glidekanten for å erstatte denne med ny og høgare glidekant, som skal sikre brua og  ferdselen over brua, fortalte Stian Bjerkeli frå firmaet. 

Stian Bjerkeli var sterk i klypa og handterte både glidekanten og trekte opp dei gamle pålane. Foto Jon Olav Ørsal

Han fortalte at firmaet er på taktene for å gjera forskjellige jobbar for kommunen, og har jobba mykje i Surnadal og Rindal den siste tida.  Dei starta jobben med å sikre Bjøråbrua i dag, og reknar med å bli ferdige i løpet av dagen.   Trafikken over Bjøråbruka kan bli hindra litt, men det er ikkje naudsynt å stenge vegen –  men ta litt hensyn til arbeidet som pågår.

Demontering av gamle glidekantar – Tomas Augdal og Asgeir Kvinge. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 12. september 2022, 11:31