Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Tjønnmyran og info om hausten frå Sanitetsforeninga

Dordi Jorunn Halle Laurdag 10. september 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 12. september. Start frå Matkroken kl. 11.00. Blir du med?

Det blir samkjøring frå Matkroken opp til Gammelfabrikken. Deretter går turen opp Gammelfalla og vidare til Tjønnmyran. Det blir kaffepause i gapahuken.

Viss ein ønsker ein kortare tur, kan ein møte oppå Tjønnmyrå.

Vel møtt!

Arrangement i Sanitetsforeninga i september og oktober:

Sanitetens uke – Trygg kvardag

Veke 39 er Sanitetens uke. Tema i år er eigenberedskap – trygg kvardag.

Todalen sanitetsforening markerer dette med «Trygghetstreff» i Sanitetshuset onsdag 28. september kl: 12:00. Tema er brannvern, og brannmester i Surnadal kommune, Tor Arne Moen, orienterer om tiltak for å unngå brann og ha ein trygg heim. Servering.

Basar

I år blir det endeleg tradisjonell basar i Sanitetshuset etter eit par år med koronapause. Basaren blir 11. oktober. Her blir det kveldsmat til alle.

Julegåver til Estland

Ein god førjulstradisjon er å sende julegåver til trengande i Estland – det kan vere til eldre, einsame eller barn i barneheimar. Julegåvene blir sendt til Estland i starten av november.

Det kjem meir informasjon om dei ymse tiltaka etter kvart.

Publisert: 10. september 2022, 22:41